The French Connection. Norwegian Manuscript Fragments of French Origin and their Historical Context

Publikation: Bog/antologi/afhandling/rapportPh.d.-afhandling

Abstract

Denne avhandlinga tek føre seg fragment frå mellomalderhandskrifter med fransk opphav i Riksarkivet. Fragmentsamlinga i Riksarkivet kjem frå bøker skrivne på pergament, som vart skorne opp og brukt til andre føremål, hovudsakleg som innbindingsmateriale for skattelister på 15- og 1600-talet. Få norske mellomalderhandskrifter har overlevd i intakt tilstand, og fragmenta er difor ei viktig kjelde for den som vil forska på tidleg norsk bokkultur. Målet for avhandlinga har vore todelt: å identifisera og undersøkja fragmenta med fransk opphav, og å undersøkja konteksten for korleis bøker kunne takast med frå Frankrike til Noreg i mellomalderen. Identifiseringa og undersøkinga av fragmenta frå latinske mellomalderhandskrifter av norsk opphav viser at det er ein korrelasjon mellom fragmenta og det historiske kjelder fortel oss om fransk-norsk samkvem i mellomalderen: talet på franskætta fragment som kan daterast til før 1150 er relativt lågt samanlikna med dei som kan daterast til andre halvdel av 1100-talet eller seinare. Dette svarer til ei aukande mengd av opplysingar om fransk-norske kontaktar: nordmenn som reiser gjennom Frankrike, nordmenn som studerer i Paris, norske geistlege og aristokratar som omgåst franske likemenn, og fransk påverknad på norsk kyrkjeorganisasjon, liturgi og litteratur. Handskriftsfragmenta byd på utfordringar, sidan dei er berre bitar av det som ein gong var heile bøker. Alt i alt gjev likevel materialet det inntrykket at det speglar relasjonar som vart skapte og haldne ved like gjennom religiøse band, diplomatiske og politiske band, og intellektuelle band mellom Frankrike og Noreg frå tida etter kristninga til tidleg 1300-tal.
OriginalsprogEngelsk
UdgivelsesstedBergen
ForlagUniversitet i Bergen
Antal sider364
ISBN (Trykt)8230831149
ISBN (Elektronisk)978- 82-308-3114-4
StatusUdgivet - 2017
Udgivet eksterntJa

Bibliografisk note

ISBN: 978-82-308-3114-4

Citationsformater